søndag 19. april 2009

Elbil - eit alternativ i disktriktet eller kun bybil?

Om ikkje mange år(2-3) er det fleire alternativer klar som gjer at og folk i distrikta kan kjøre på elektrisitet, endeleg.:-)

Eg har vore opptatt av miljø så lenge eg kan huska, men ikkje alltid levd opp til mine egne idealer. Er vel det ein kan kalle teknofrik, så har stort forbuk her, nok som definitivt ikkje er særlig bra for miljøet. Kjøper kun svanemerkede produkter når det er mulig, velger økologisk sjølv om det koster litt meir, frittgående framfor burhøns etc.

Nå har me familieauke med ei lita jente på snart 6mnder, og behovet for ein bedre bil har meldt seg. Føle no at me må gjere vårt, handling og ikkje kun "tomme ord". Da duge det ikkje med "bluemotion" eller "eco2", men skrittet må taes heilt ut og være elektrisk.

"Jalla-hybrid" som dagens Prius må eg smile litt av, spesielt når VW, Peugot m.fl. oppnår det samme med meir effektive motorer og andre enkle grep. (Toyota skal ha skryt for å sette miljø på dagsplanen, og har nok lagt grunnlag for bedre plugin og elbiler som no kjem)

Familien min treng plass som i ei stasjonsvogn, 5+ seter, rekkevidde på minimum 30-40mil. Ingen biler akkurat no dekker dette.. men det er håp i veldig nær framtid.

Ender nok opp med ein av desse rekner eg med. Volt har 6mil elektrisk, "range extender" gir opptil 50mil med da med bensin. Tesla Model S er ein rein elbil, 7seter(!!), opptil 48mil, har 4x mulighet og større plass enn sjølv største stasjonsvogn.

Begge ender nok opp på 300-400.000 og bilr tilgjengelig mellom 2011-2012. Har starta å spare no.. kjem til å finne ein gjerrig diesel stasjonsvogn som skal vare frem til disse blir tilgjengelig.;-)

Tesla Model S
GM Volt / Opel Ampera


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar