onsdag 25. november 2009

BPA - Bisphenol A - "Ufarlig" gift?



BPA- Ufarleg til bruk i flaske og smokk? BPA er knytta opp mot fedme, brystkreft og det er usikkert om det har negativ effekt på nerver og hjerne hos foster og barn.

AVENT vil fortsatt benytte seg av flasker av polykarbonat som frigjer BPA ved oppvarming. Kvifor ikkje være litt føre var, spesielt når det fins alternativ som fungere bra.

Da har heller ikkje vore særlig fokus på at det og er Polykarbonat i veldig mykje av smokkane på markedet. Her er nok risikoen for at dei frigjer BPA ved bruk mindre enn flasker, men kvifor ta sjansen på å utsette ungane for sånt?

Eit anna kjend merke som benytte seg av Polykarbonat og ikkje ser problem med det, er Tupperware. Her promoterer og sel dei produkt som er berekna brukt til oppvarming av mat, som da og vil frigjera BPA. Dette heilt utan at dei anser da som ein risiko, pga. at det ikkje er "farlege nivå" som kjem i maten. Om ein kan unngå gift i maten, så bør ein vel da uavhengig av mengde?



Alt av produkt skal ha ei av desse merka om dei inneheldt polykarbonat.









Grønn Hverdag har her foretatt ein test over kva smokkar og tåteflasker som inneheldt Polykarbonat.



Heime hos oss har me kasta med hard hand, både Avent produkt og MAM smokker med polykarbonat har havna i bosset. Det samme gjeldt Tupperware produkt. Tupperware me har hatt i huset, begynte å få eit kvitt belegg som ikkje gjekk vekk, ein kunne skrape og vaske men etter bruk kom det bare tilbake. Noke kom definitvt over i maten her, og me er ikkje interessert i sånn "krydring" av maten vår.

Ta eit grep om balla!

Ta ein godt grep om balla! Særdeles viktig for alle mannfolk, spesielt mellom 16 og 32, men og aktuellt for jenter/damer som føle eigarskap til sånt utstyr. Klikk på linken, les og bli vis, kanskje du og får eit lengre liv pga. tråden.

mandag 23. november 2009




Honda EV-Cub, denne håper eg kjem i salg så fort som fy. Veldig pen, og ikkje minst praktisk. Spanande når den kjem for salg, og om dei får til ein pris og rekkevidde som duger.

Perfekt som kjørtøy nr.2, trur me klarer oss fint med Tesla Model S samt ein EV-Cub når været er fint og ein kanskje ikkje rekk å gå til jobben.

lørdag 7. november 2009

Tesla Model S

Da er Model S reservert, har fått reservasjonsnummer P137. Det vert spanande om europa får bilane sine før, etter eller parallellt med USA. P-serien er bilane som vert selde i europa, i Usa var det alt komme opp i 2000+ reservasjoner når eg fekk lagt inn min. Om me må venta på tur, så kan da t alitt tid.:-)

Håpe dei kjøre likt, så me her i Europa får bilane likt med dei på samme nummer i USA serien. :-) Uansett vert da ikkje før i 2012, så lenge til enda.