lørdag 22. desember 2018

Gips

Nok for i dag. Gips rundt dør og grosvparkling er unnagjort.



Endelig plassering og skum - mykje skum

Oppdatering:

1 1/2x3" er festa på vegg, dørkarm avretta og skrudd fast. Dør er montert, og skumma (litt mykje). Gjenstår å sette opp to stendere til på trekanten her og legges gips, kantforsterker,sparkle, pusse og male.
 

Litt mykje byggskum, glemte at det ekspanderer fælt. Skumma både rundt den gamle døra og den nye og skummet flomma utover og nedover vegg og golv - korleis får ein vekk byggskum gris? Satser på at ny tapekniv fungerer på tørka byggskum. Tørka opp det meste, men erfarte at å tørka opp flytande byggskum blir fælt grisete.

Ting tar form










Oppdatering, trapp er ferdig, ein første klatrevegg på plass under trappa.










Dørkarm er kjøpt inn, 8x21 dørblad fått på finn. Neste jobben er å få skrudd opp uten at ting hangler og ramlar ned.




Forsøkte først å skru rett i steder i veggen.

Fann ut at å bruke stender i vegg direkte gjer at det kjem alt for tett på døra til naborommet. Vert ikkje plass til listverk på ein god måte. Det vert alt for trangt når listverk må kappast. Så skrur opp 1 1/2x3" (?) på veggen for å forskyve stenderen og få døra så langt bak som mulig. Kunne kjøpt nytt lavere dørblad (70x190) og fått betre palss, men sidan eg alt hadde 80x210 dørblad liggande, så endte eg opp med å bruke denne. Får håpe eg ikkje angrer for mykje.



Klatregrep frå 3dclimb.com er komme i hus. 
Kvalitet og originalitet i kvart grep. :-)


mandag 10. desember 2018

Inspirasjon

Lita samling med inspirasjon.

 Alternativ bruk av ribbevegg

Ha litt ned frå taket og?

Løype som er utfordrande

Og bør fungera for voksne som like å leika seg :-D


Slakk line!


Slakk line - det må da være det perfekte lille ekstra som passer til god tjukkas og klatrevegg?

Tenker å få kombinert ein slik ein med tjukkasen.

Få integrert eine sida i klatreveggen, så ein flat 2x4(6?) under og opp. Sånn at lina ligger 20cm over tjukkasen.

Må sjå det litt an - primært skal den jo ta av fra fall frå klatreveggen eller hoppande småunger.  Litt kjipt om lina gjer dette farleg. 

Slakk line finnes allerede i hus, og under konstruksjon av klatrevegg er det nok av trevirke å leike seg med så forsøker. Er jo og mogleg å lage noko som kan demonterast/setta opp ved behov.

torsdag 6. desember 2018

Klatrevegg

Klatreveggen begynne å nærma seg ein realitet.

15mm Poppel kryssfinerplater er kjøpt inn og ligger i garasjen.
Islagsmuttere M10 er handla inn frå biltema i stort mon. Eg endte opp med å kjøpa alle pakkene dei hadde på lager (10stk a 20 muttere a 22.90,-). Desidert billigst å handle disse på biltema.



Klatregrep er bestillt inn fra 3dclimb.com - norsk produsent av kule og forholdsvis rimelige klatregrep. 5 pakker - totalt 60 klatregrep er påvei.


Nedsprangsmatte (Tjukkas) koster ein del - men var heldig og fann eit par på finn til ein ok pris. Snart er tjukkas på 200x140x30cm i hus, venter på nimber frakt frå Trøndelag.

Tjukkas

I tillegg til klatrevegg har ein ribbevegg komme i hus.


Ribbevegg

Da blir og lekerom/buldrerom under trappa ved sida av. Her skal trappa fornyast og lukkas - så det gjenstår enda ein del jobb her. Som fallunderlag blir det billig (300,-) jysk madrass på 12cm. Bilder av prosessen her kjem i seinere oppdatering.

Trappa er no lukka,  trinn og kant skal limas og parkett leggas ferdig under trapp. Så må ein kle veggane med kryssfiner, borra og montera islagsmuttere. Madrass skal tilpassas, lys monterast, og klesskap skal byggas fremst der det er ståhøgde. Skal vidare sages åpning i vegg til høyre inn til barnerom, sånn at buldrerommet knyttas saman med klatrevegg og gir ei god klatreutfordring/oppleving for dei små og kanskje og for store. ;-)

onsdag 7. november 2018

Prosjekt framover

Da er det tid for ein del sprø - ja kanskje på grensa til sinnssjuke  prosjekt? :-)

Bloggen endrar namn frå Godtliv til Sinnssykt. Og her er årsakene:

  1. Prosjektering og bygging av klatrevegg på barnerommet, med egen hole og fjellhylle. 

Ukjent opphav til bilde

2.I garasjen kjem de gaming-rom med bevegelsesplatform/simulator (feelthree) og greenscreen rom for VR og youtube-filming. (areal 10m2)
Mark Towner - Feelthree.com

3. I tillegg vert da hobby/snekkarbod med DIY CNC router, utstyrt med diverese band/bord/sirkel-sager og alt anna som treng. Ikkje store plassen i garasjen, alt skal inn på ein bilplass og "offer-bod"  (10+15m2

4. I kjellaren kjem det nytt stort "vaskerom-spa" med infrarød badstu og saltvatn floating-tank innebygd under arbeidsbenken.

Floating - saltvann og hudtemperert

For å sikra at eg heldt ein viss grad av progressjon - må alt dokumenterast. Derav vert bloggen her vekt til live - forhåpentligvis vert den ganske så aktiv dei neste åra framover.

Den vert og knytta opp mot nytt domene - sinnssykt.no i litt ulike variantar (sinnsykt/sinnsyk/sinnssyk).

Da gjenstår det bare å ønska seg sjølv lykke til. :-D