søndag 19. april 2009

Elbil - eit alternativ i disktriktet eller kun bybil?

Om ikkje mange år(2-3) er det fleire alternativer klar som gjer at og folk i distrikta kan kjøre på elektrisitet, endeleg.:-)

Eg har vore opptatt av miljø så lenge eg kan huska, men ikkje alltid levd opp til mine egne idealer. Er vel det ein kan kalle teknofrik, så har stort forbuk her, nok som definitivt ikkje er særlig bra for miljøet. Kjøper kun svanemerkede produkter når det er mulig, velger økologisk sjølv om det koster litt meir, frittgående framfor burhøns etc.

Nå har me familieauke med ei lita jente på snart 6mnder, og behovet for ein bedre bil har meldt seg. Føle no at me må gjere vårt, handling og ikkje kun "tomme ord". Da duge det ikkje med "bluemotion" eller "eco2", men skrittet må taes heilt ut og være elektrisk.

"Jalla-hybrid" som dagens Prius må eg smile litt av, spesielt når VW, Peugot m.fl. oppnår det samme med meir effektive motorer og andre enkle grep. (Toyota skal ha skryt for å sette miljø på dagsplanen, og har nok lagt grunnlag for bedre plugin og elbiler som no kjem)

Familien min treng plass som i ei stasjonsvogn, 5+ seter, rekkevidde på minimum 30-40mil. Ingen biler akkurat no dekker dette.. men det er håp i veldig nær framtid.

Ender nok opp med ein av desse rekner eg med. Volt har 6mil elektrisk, "range extender" gir opptil 50mil med da med bensin. Tesla Model S er ein rein elbil, 7seter(!!), opptil 48mil, har 4x mulighet og større plass enn sjølv største stasjonsvogn.

Begge ender nok opp på 300-400.000 og bilr tilgjengelig mellom 2011-2012. Har starta å spare no.. kjem til å finne ein gjerrig diesel stasjonsvogn som skal vare frem til disse blir tilgjengelig.;-)

Tesla Model S
GM Volt / Opel Ampera


Somaliske piratar - er giftdumping noke av grunnen?

Det har vore mykje om piratvirksomheten i media i det siste, men veldig lite om den eigentlege grunnen til at dette har oppstått. Det vart nemnt litt om dette i starten, noken av dei første piratene forklarte det med at dei var lei, og ville ha litt igjen for all dritten utenlandske skip dumpa utafor kysten deira. Eg for min del tenkte at det kanskje var vanlig søppel fra skipstrafikk m.m.

Eg las i Ny Tid, April nummeret, at mellom anna Italiensk Mafie er innblanda. Dei tar 2$ tonnet for problemavfall, mens seriøse firma tar opp mot $1000 tonnet.



Giftstoff, radioaktivt avfall i kontainer etter kontainer dumpes i havet..det blei vaska på land bevis for dette under Tunamien for eit par år tilbake. resultatet er livløst hav, fødselsdefekter på barn, sykdom. Ødelagt livsgrunnlag forgenerasjoner, om ikkje for evig tid.

Skulle ønske andre media hadde undersøkt litt meir på dette, og ikkje kun fokusert på boarding, kidnapping og løsepenger. Dette er kanskje symptomene på problemet, ikkje årsaken.

Eg unnskylder på ingen måte piravirksomheten, men føler det forklarer litt meir grunnen til at folk ender opp med å drive på med slikt.

Bloggen om det gode liv..

Har lenge gått med bloggplaner. Eg har hatt ønske om blogg der eg kan dele alt av smått og stort som kjem opp. Tips og idear eg kjem over på nett, nye tanker og gamal kunnskap som er grei å ha.

Kjem til å skrive om ting som minskar bekymringar, forenklar kvardagen, rett og slett gir eit godt liv. ;-)

Tema som opptar meg for tida, prioritert rekkefølge;

-Barn, me fekk ei jente oktober -08, mykje nytt som skal læres her
-Elbil, ser på mulighet å få elbil som fungerer for ein vanlig familie.
-Hus, har for liten leilighet når familien veks. Passivhus, plusshus
-Miljø, alt mulig miljørelatert
-Trening, prøver alltid å komme igang med fast trening. Vanskelig!
-Paragliding, hjelmkamera under planen for å dele turer med familie
-Gullvasking, ei ny unnskyldning for å komme seg ut på tur