søndag 7. februar 2010

Joggesko med demping - 1979

Joggesko er ei heller ny oppfinning. På 1800 tallet kom dei første skoa som skulle forbetre springing og gi betre veigrep. Gummi blei i 1832 fyrste gong benytta for å lage ein solid såle, dette gave ein lydløs gange som raskt blei oppdaget og gjort nytte av hos tjuvar, derfor 'sneakers' fra 'sneaking'.;-)

Den moderne joggesko med demping kom først i 1979, der ein la inn luftpute for å dempe hælen. Joggeskoas historie finn du meir på denne linken.

Så totalt sett er sko med gummisåle ca. 200 år gamle, mens moderne joggesko med demping såvidt 40år gamle.

Kunne me ikkje springa før den tid? Eller ihvertfall kun springa på mjuk bakke og gras? Har me alle i fleire tusen år vore prisgitt eit mjuk underlag? Neppe..

Fotbladet består av 29 småbein, 33 ledd og hundre musklar, me har ein sterk leggmuskel som er veldig rask å trena opp og ei akilleshælsene som fungerer som ei stor sterk fjør. Foten er naturlig laga for å ta imot støyt og hindra at desse forplantar seg oppover i kroppen.

Med joggesko så er det lagt opp til at ein skal landa på hælen, rulle framover og sparka fra med tåballane. Dette er ein umulighet uten sko med demping, trykket ein får gjennom hælen ville då gått udempa oppover i legg-kne-hofte-rygg og ein kan sjølv tenka seg kordan det vil bli etter ein joggetur på f.eks. asfalt (stein,fjell før i tida).

No er da sånn at veldig mange i verden aldri bruke sko, dei spring barbeint eller ihvertfall uten demping i da heila tatt, som me alle gjorde for kun 200 år sidan.
Dei spring på ein heilt anna måte enn ein blir pressa til med dagens joggesko. Ein som spring barbeint kan ikkje landa på hælen, men må landa på framre del av fotbladet. Ein bruker da fotbladet, fotbuen og eit bøyd kne som dempe og springfjør. ein treng ikkje være nedi med hælen, eller i verste fall er den såvidt i bakken før ein sparke fra igjen.

Eg har akkurat oppdaga ideen, og skal begynna å springa barbeint når snøen forsvinn.
Eller.. ikkje heilt. Eg er for pysete, småstein og muligheit for knust glass m.m. gjer at eg ikkje tørr å springa heilt på bar fot. Da blir Vibram Fivefinger sko på meg.



Klikk på linken, så får du opp bloggen som overtalte meg til å gjera eit forsøk.:-) Han skriv mykje betre enn eg har gjort, så om du føle eg bare preika tull så les det han skriv der før du avfeie heila konseptet.

Oppdatering 25.02.10

Da er VFF KSO Trek prøvd ut ei veke, og disse er godsaker.:-)

Fungerer dårlig på lengre turer i -25 grader, men ein kjapp tur på butikken er bare gøy.

Leggane får hardkjør, så ta det rolig i starten. Har jogga litt, men kun 3-400m, og merker det skikkelig i leggane dagane etter.

Skal springe knarvikmila med KSO modellen 5.september er planen, da er ikkje meir enn akkurat tida som trengs.